Stette Montessoriskule
Stette Montessoriskule er ein privatskule som legg til rette for læring gjennom nysgjerrigheit, utforsking og naturleg utvikling.
Barnet utviklar seg ut frå eigne føresetnader og interesser.
Eit tilrettelagt klasserom som føles som barnet sitt eige hus.
Elevane vel sjølv oppgåver innanfor tydelege rammer.
Fjord, fjell, skog og mark er ein del av kvardagen vår.
Stette Montessoriskule vart etablert i 2016 og ligg vakkert til i Stettebygda i Ålesund kommune.
Skulen har elevar frå 1.-7. trinn, samt SFO-tilbod. Skuleåret 2025/2026 er det 60 elevar og 14 tilsette ved skulen.
På skulen vår er det Maria Montessori sin pedagogikk om læring og utvikling som er i fokus.
«Å hjelpe livet til å utvikle seg sjølv. Dette er den grunnleggjande oppgåva til ein oppdragar.»
Skulen er open frå 07.15 til 16.45 alle kvardagar. SFO-tilbod for 1.-4. trinn før og etter skuletid.
Kr 500,- per månad i 11 månader. Inkluderer frukt, mjølk og fellesmåltid. Søskenmoderasjon gjeld.
To arbeidsøkter med lunsj og friminutt. Praktiske aktivitetar på ettermiddagen. Fredag slutt kl. 13.00.
Søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 er 1. februar 2026.
Send søknad →