Stette Montessoriskule er ein privatskule der kvart barn får utvikle seg i eige tempo, med fridom til å utforske og lære på sin eigen måte.
Stette Montessoriskule ligg vakkert til i Stettebygda i Ålesund kommune. Her får barna utvikle seg ut frå eigne føresetnader, med Maria Montessori sin pedagogikk som grunnlag.
«Å hjelpe livet til å utvikle seg sjølv. Dette er den grunnleggjande oppgåva til ein oppdragar.»— Maria Montessori
Kvart barn er unikt. Hjå oss får dei utvikle seg ut frå eigne føresetnader og interesser, utan press om å følgje same tempo som alle andre.
Elevane lærer å ta eigne val og utviklar sjølvstende, sjølvkontroll og konsentrasjon – ferdigheiter som varer livet ut.
Klasserommet er «huset til borna» – eit tilrettelagt miljø der alle kjenner seg heime og respektert.
Skulen er open 07.15–16.45 alle kvardagar. SFO-tilbod for 1.-4. trinn før og etter skuletid.
Kr 500,- per månad i 11 månader. Inkluderer frukt, mjølk og fellesmåltid. Søskenmoderasjon gjeld.
To arbeidsøkter med lunsj og friminutt. Praktisk aktivitet på ettermiddagen. Fredag slutt kl. 13.00.
Fjord, fjell, skog og mark – naturen er ein naturleg del av kvardagen vår på skulen.
Søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 er 1. februar 2026. Ta kontakt om du har spørsmål!
Send søknad →